Hans Majestet Kong Harald har akkurat kome til Gassasundet. Her helsar han på Sveio-ordførar Olav Haugen.Svein O. Hansen
Trekantsambandet opna
Denne saka var på trykk i Vestavind 4. mai 2001.
Svein O. HansenSvein O.Hansen
Publisert
Kong Harald opna Trekantsambandet
30. april 2001 opna Kong Harald Trekantsambandet mellom Sveio, Bømlo og Stord. Mellom 10.000 og 12.000 menneske følgde markeringa i Gassasundet.
Opninga var folkeleg og hadde innslag frå kor, korps, dans og lokale aktørar. Sveio var representert med mellom anna Sveio Skulekorps, Ad Libitum og ordførar Olav Haugen.
Kongen klipte snora og oppmoda samstundes trafikantane til å ferdast med omtanke. Etter opninga reiste han gjennom Bømlafjordtunnelen til Sveio og vidare til Stord.
Talarane la vekt på sambandet som eit viktig løft for samferdsla i regionen. Dagen vart avslutta med kongelunsj på Stord og ein konsert i Fartein Valen-heimen i Valevåg.
Oppsummeringa er generert av Labrador AI, men gjennomlesen av ein journalist.
Folket kom, og kongen kom. Sola kom ikkje, men veret var likevel godt brukande denne historiske måndagen, den 30. april 2001. Dagen då Kong Harald opna Trekantsambandet mellom Sveio, Bømlo og Stord.
Talet på dei frammøtte vart frå ymse hald tippa til 10.000-12.000. Og takk og pris - han kom heldigvis ikkje tidsnok, viss han kom – han mopedisten de veit frå reklamesnutten på fjernsyn.
Særleg glad for det var den lause, ledige og svært dyktige programleiaren for arrangementet i Gassasundet, Lise-May Spissøy. Stemninga minuttane og sekundane før Hans Majestet kom til Gassasundet, var prega av alvor; Kom kongen eller mopedisten først? Til stor lette for Spissøy og hennar stab så vann kongen slaget også om Gassasundet og Trekantsambandet.
Opninga var elles prega av det folkelege og jordnære, velsigna fri for det pompøse og høgtflygande. Programmet var fullspekka av rimeleg kjappe innslag, enkelt og rutinert sydd saman av nemnde Spissøy.
Annonse
Me fekk helse på tre herrar i raudt, gult og grønt, herrane Jan Otto, Kjell Olav og Per Øystein.
Og det gjekk elles slag i slag med dansegrupper, kor, huldra, musikkorps, talar og gratulasjonar. Også Sveio var representert, både med musikkantar frå Sveio Skulekorps, dirigent Pål Jøsok og Ad Libitum med dirigent Per Bjørn Habbestad – og så han Jan Otto (Vik).
Sjølvsagt i tillegg til ordførar Olav Haugen, som hadde ein sentral posisjon under arrangementet, både i Gassasundet og på Sveio-sida.
Frå Sveio elles var også flesteparten av formannskapet sine medlemmer på plass, i tillegg til rådmann og lensmann.
Annonse
Sveio kommune var blant anna representert ved formannskapsmedlemmene Gustav Eidsvåg (t.v.) og Roald Urnes.Svein O. Hansen
Rådmann i Sveio, Odd Henry Dahle, var naturleg nok også på plass i Gassasundet.Svein O. Hansen
Om det var ganske fullt hadde det vore mogleg å få inn fleire folk, som me ser.Svein O. Hansen
Ny og gammal tid møttest i Gassasundet.Svein O. Hansen
Blant dei mange frammøtte var også tidlegare rådmann i Sveio og styreleiar i Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap, Herlof Nilssen.Svein O. Hansen
Sveio-lensmannen Kåre Ravn Ottesen (i midten) var også blant dei inviterte. Her saman med kollegaer.Svein O. Hansen
Lengje før kongen kom var det stuvande fullt.Svein O. Hansen
Me dreg kjensel på Sveio-politikarane. Frå venstre varaordførar Mathias Vikse, Arnhild Lund Grostøl, Gustav Eidsvåg og Roald Urnes.Svein O. Hansen
Redaktør i TV-Haugaland, Margareth H. Langebro intervjuar dagleg leiar i Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap, Øyvind Halleraker før det brakar laus i Gassasundet.Svein O. Hansen
Sveio-ordførar Olav Haugen ventar på kongen.Svein O. Hansen
At Hans Majestet var til stades for å kaste glans over arrangementet vart det også spela på frå arrangøren si side.
Det vart blant anna trekt trådar attende til vikingtida og vår første konge, Harald Hårfagre.
Det vart frå fleire hald peika på kor flott Trekantsambandet er lagt i terrenget. Det er gjort ein framifrå jobb med å tilpasse arkitekturen til både sjø, fjell og landskap. Sambandet er blitt veldig mykje annleis enn det motstandarane i si tid stod fram og krisemaksimerte med. Vart det slått fast.
Opninga
Annonse
Kong Harald tok også ordet. Kongen skrøyt av dette nye sambandet. Men han oppmoda også samstundes folk til å tenkje seg om når dei skal ut og ferdast i denne nye trafikkmaskinen.
Kongen gjekk deretter attende over den raude løparen og ut på vegen, der han skar over snora – for å markere den offisielle opninga av Trekantsambandet.
Kongen på veg til å skjere over snora. Hans Majestet vinka ofte og villig vekk til eit begeistra publikum.Svein O. Hansen
Kongen har akkurat skore over snora, og Trekantsambandet er offisielt opna. Som me ser, det mangla ikkje på fotografar.Svein O. Hansen
Neste etappe gjekk vidare for kongen, via Bømlafjordtunnelen og over til Sveio. Der gjorde majesteten ein kort stopp, før umiddelbart retur til Vikahaugane på Stord, der det var lunsj for spesielt inviterte.
Kong Harald signerer minneplata like etter opninga. Kvar strek vart nøye følgd.Svein O. Hansen
Og la det vere sagt med ein gong – også her var Vestavind med.
Annonse
Kongen fekk høyre og sjå mykje interessant og artig den korte stunda han var i Gassasundet. Her frå kongepodiet.Svein O. Hansen
Kong Harald på veg vekk frå arrangementet i Gassasundet. Han er akkurat ferdig med den offisielle opninga, og set seg no i bilen, på veg under Bømlafjorden til Sveio.Svein O. Hansen
17. mai
Stortparten av dei cirka 250 gjestene var plasserte i skyttelbussar, med fortrinnsrett. Dette skjedde alt klokka 10 på føremiddagen, før turen ut til Gassasundet.
Vestavind plasserte seg i baksetet på buss nummer 8. Her kom også Aksel og sette seg. Aksel Kloster.
– Eg er redd 17. mai kan kome til å bli eit antiklimaks i år, etter dette, sa Kloster i ein kommentar, då følgjet drog frå Gassasundet.
Annonse
Medpassasjerane humra og nikka attende til baksetet. Den kjøpte dei.
Med i bussen var også Dagmar frå Karmøy. Ho var ikkje lokalkjend, men var likevel utpeika til å guide passasjerane.
Ho kunne blant anna fortelje at rekorden i tunneldriving i Bømlafjordtunnelen var på 96,7 meter per veke – at gjennomsnittskjøringa var berekna til 40 meter per veke, og at den reelle gjennomsnittstida var 55 meter per veke.
Flyplass
Annonse
Kloster har sannsynlegvis mykje gåande i hovudet sitt.
– Innan ti år så tenkjer eg me også har storflyplass i Sveio, sa han nokre meter seinare.
Vel, vel var gjennomsnittsreaksjonen på dei næraste setene.
Vel framme på Vikahaugane bar det inn til opptreden av Stordkoret, før vikingane igjen sette fokus på konge og fedreland, og dei intrigane om kvinner, land og makt som utspant seg før i tida. Me fekk ein kortversjon av Toralf Mostraskjegg, ei komprimert utgåve som skal visast i sin heilskap under Mostraspelet.
Annonse
Kongelunsj
Ferda deretter gjekk vidare inn i neste avdeling. Der det var gjort klart til kongelunsj. Her var det delt opp på 22 kvadratmanns-bord, i tillegg til det bordet kongen sat ved. Og serviettane var grøne.
Vår eigen ordførar sat ved kongen sitt bord, eit langt bord. Haugen sat til høgre for kongen, tre plassar bortanfor.
– Herre Konge, sa styreleiar i Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap, Harry Herstad, i si innleiing. Dei sa det slik, før i tida, som på den tida då kongen steig i land på Moster.
Annonse
– Rikssamlinga held fram, gjennom Trekantsambandet, sa Herstad vidare.
Styreleiaren takka også kongen og sa at det vart sett umåteleg stor pris på at han tok seg tid til å kome på denne store dagen.
Herstad var også innom Trekantsambandet sine fiendar. Men som han sa; «Visjonane vann over reaksjonane».
Styreleiaren slo også fast at om ein ikkje hadde fått dette sambandet ville dagens tilhaldsstader, i dette tilfellet øysamfunna, blitt til morgondagens fengsel.
Annonse
– Trekantsambandet er blitt så flott - det fortener «Dei vakre vegars» pris, meinte han.
Miljørørsla
Herstad nytta og høvet til å takke miljørørsla. Deira motstand og motvilje har vore med og sørgja for at den estetiske sida av Trekantsambandet er blitt tillagt ekstra stor vekt både under planlegging og bygging.
La det og vere sagt – det er ikkje berre Kloster som ser føre seg flyplass i Sveio. Herstad nemnde også denne i sin tale til konge og forsamling.
– Me ser føre oss ein storflyplass i Sveio – til eksport av havprodukt, fortalde Herstad, før skalldyr-cocktailen.
Vegdirektør Olaf Søfteland tok over etter forretten.
– Ved bygginga av Trekantsambandet har norsk ingeniørkunst på ny fått vist sin høge kompetanse. Alle fortener gratulasjonar i dag. Diverre er det blitt store overskridingar på anlegget, men det kan sjølvsagt gjerast betre ved seinare høve ved hjelp av betre førebuingar, sa Søfteland.
Vegdirektøren takka også Kong Harald for at han følgjer så flott opp tradisjonane til sin far, Olav, ved å vere ein konge som helsar på folket.
Om Søfteland ikkje hadde eit ess i ermet, så hadde han i alle fall ein kniv i bakhand. Kniven kongen brukte til å opne Trekantsambandet med. Denne kniven fekk kongen overrekt.
Kalvesteik
Gjestene fekk seg også kalvesteik og rørte tytebær. Og kultur. Ei strykegruppe frå Stord, på heile 65 utøvarar med fiolin og gitar entra golvet framføre kongen, før fylkesordførar Gisle Handeland tok ordet.
– Trekantsambandet er så stort og viktig at rosande ord, uansett helst vert små og puslete i denne samanhengen, skrøyt Handeland.
Fylkesordføraren gav ein ekstra takk til dei som hadde stått like oppreist - då det storma som verst frå motstandarane av sambandet.
– For det har slett ikkje berre vore godver, sa Handeland. Han takka også dei politikarane, både lokalt og sentralt, som hadde sett den store samferdslegevinsten Trekantsambandet vil gje.
– Trekantsambandet vert ein sentral berebjelke - ikkje berre for Vestlandet, men for heile Noreg. Draumen vart til verkelegheit, sa Handeland, før me fekk Riverdance på plattingen framføre kongebordet.
Samferdsleminister Terje Moe Gustavsen var sistemann på talarlista.
– Trekantsambandet er eit flott og viktig prosjekt, og dette har vore eit kjempearrangement. Men - åtvara samferdsleministeren - bruk anlegget med vett.
Sagt med andre ord - Gustavsen frykta fartsbøllene.
Slutteleg fekk me vår dessert og vår kaffi, før Kong Harald reiste seg frå bordet og tok fatt på heimvegen.
Eit gedigent, men svært folkeleg arrangement var vel i hamn.
Skjønt - heilt slutt var det ikkje.
Frå konserten i Fartein Valen sin heim.Svein O. Hansen
I samband med opninga vart det også skipa til konsert i Fartein Valen heimen.
Og kunne Vestavind vere i Gassasundet, så kunne dei sanneleg også vere i Valen sin heim. Om lag 40 gjester hadde teke turen til Valevåg denne måndags kvelden for å høyre og sjå sopranen Bodil Arnesen og pianisten Erling R. Eriksen. Og når 40 personar benkjer seg i Fartein Valen sin heim, ja då er det temmeleg fullt. Det var også tydeleg at utøvarane let seg inspirere av det flotte frammøtet.
Dei gav til beste ein flott gjennomført konsert, som gav avslutninga på opninga av Trekantsambandet ei verdig avslutning.
Her ser me Erling R. Eriksen og Bodil Arnesen stå klar til å gje sitt bidrag til denne historiske dagen. Her i stova der pianoet til Fartein Valen står.Svein O. Hansen