13. juni 1996:

Interesserte elevar frå Ørevik skule. Frå venstre, Hilde B. Kjeka, Sandra S. Haugland, Merete Nordheim og Øyvind Grutle. Lærar Hanne Vihovde haldt seg unna då biletet blei teke.

Ørevikelevar på avisbesøk

Denne saka var på trykk i Vestavind 13. juni 1996.

Publisert

Førre onsdag hadde me besøk frå Ørevik skule. Ei lita mediagruppe frå 2. klasse ville innom og sjå korleis me i lokalavisa bar oss åt når me lagde avis. Me tok dei med på ein liten runde, større rundar har me ikkje i våre lokale. Og det var ein oppriktig interessert gjeng me hadde med å gjera. Dei følgde vakent med på kva me fortalde og det dei fekk sjå. Litt tilløp til dramatikk var det også. Under “omvisinga” på mørkerommet skrudde me av lyset, og det blei heilt mørkt - slik det sømmer seg i eit ekte mørkerom. Men det blei for mørkt og me måtte skru på att i ein farleg fart. Det gjekk likevel på alle måtar greitt, og saft og kjeks forsvann på imponerande vis.

Interesserte elevar frå Ørevik skule. Frå venstre, Hilde B. Kjeka, Sandra S. Haugland, Merete Nordheim og Øyvind Grutle. Lærar Hanne Vihovde haldt seg unna då biletet blei teke.

Me prøvde dei ut litt og fekk brakt i erfaring at unge Grutle hadde vore med på det meste. Han hadde vitja ei rekkje storaviser og visste betre enn nokon opp og ned på ei avis.

Sjølv om dei var interesserte i media var det ikkje noko stor interesse rundt bordet for å satse på journalistikk som levebrød.

Merete hadde planar om å bli doktor, det var ganske så sikkert og visst. Sandra har lagt sin elsk på born, og ville gjerne bli noko som kunne gje ho sjansen til å passe på dei små også i yrkesfagleg retning. Etter framlegg frå lærarinna, Hanne Vihovde bestemte Sandra seg for læraryrket.

Øyvind likte betre dyr enn born, forstod me. Så han ville gjerne bli revebonde når han hadde storleik og alder nok til det.

Og kva med rutinerte Grutle? Han ville bruke tida til å tenkje seg godt om før han tok avgjerda.

Visste me det ikkje.

Powered by Labrador CMS