13. juni 1996:

John Inge (11) og Marianne (8) Erlandsen.

2 kilos røyr på garn!

Denne saka var på trykk i Vestavind 13. juni 1996.

Publisert

John Inge (11) og Marianne (8) hadde fiskelukka med seg i Vigdarvatnet sist laurdag. Ei røyr på 2 kilo er slett ikkje kvardagskost å få i dette vatnet, og eksemplarar på 600 gram er det også langt mellom. 

Dei fleste fiskane John Inge og Marianne Erlandsen har fått på garn i Vigdarvatnet tidlegare har vore 2-300 gram, men denne gongen var det altså storfisken som gjekk på.

På Austlandet skal det visstnok vere tatt ei røyr på 7 kilo, men det var ei såkalla "kannibal-røyr", ei som ikkje lenger livnærer seg på larver, men på sine eigne! 

2 kilos-fisken i Vigdarvatnet derimot, var kvit og fin i kjeften, eit sikkert teikn på at ho lever av larver. 

Powered by Labrador CMS