26. september 1996:

3. klasse ved Vandaskog skule var på vitjing og fekk sjå korleis me lagar avis i Vestavind.

Vandaskog til Vestavind

Denne saka var på trykk i Vestavind 26. september 1996.

Publisert

Førre onsdag hadde me i Vestavind besøk av 3. klassingane på Vandaskog skule. Dei hadde sjølv laga avis, og saman med læraren sin, Astrid Hovda, ville dei no innom for å samanlikna produkt og produksjonsmetodar. Og det vart eit vellukka besøk. Dei seks elevane følgde godt med då me viste dei rundt og peika og forklarte.

Flokken stod tett rundt ho Ellen då ho viste dei triksa med redigering og «fotoshop» og biletmanipulering og andre tekniske finessar. Dei tok og runden innom han Roy og sjekka opp annonsane hans. Rett nok visste dei ikkje heilt kva ei annonse var for noko i byrjinga, men det demra kjapt for dei årvakne 3. klassingane. Så no er nok annonsar og marknadsføring deira minste kunst, tippar me.

Dei var elles godt førebudde, med nedskrivne spørsmål om alt mogleg.

Kva me som jobbar her heitte, kva vitsen var med å laga lokalavis og kvar me fekk tak i stoff til avisa, for å nemne noko.

Disiplin

Me kunne ikkje vere verre, og spurde om dei hadde lært noko under besøket.

Og eg skal helse og seie at dette var gjeng som hadde vore ute og gått nokre meter før.

Då Vestavind sin sette i gong med høyringa vart det heilt stilt rundt bordet. Til gjengjeld stod det ei rekkje dirrande nevar i veret. Her var det ingen som opna munnen før dei vart tilsnakka.

Dei berre er slik, kom det sånn passeleg småstolt frå lærar Astrid.

Hilde Marie Hunsbedt hadde lært at me sender avisa på eigne linjer til trykkeriet.

– Var det Odo det heitte, eller kva, spør Hilde Marie litt usikker rundt bordet. Boremann Harald, kjem systera til unnsetning, og saman kjem dei fram til at Odda er namnet på staden. Elles har ho Hilde Marie lært at det er mogleg å gjere bileta tjukkare og tynnare etter som det passar.

Eller kanskje det var breiare og smalare?

Onkel Skrue

Olga Lucia Bua hadde litt problem med å bestemme seg for sin konklusjon. Ho vrei seg litt att og fram i benken og kom etter betenkningstid fram til at ho hadde nok lært lite grann - kanskje.

Men ein ting var ho svært så sikker på - utan betenkningstid - og det var at ho heilt sikkert ville lært meir av onkel Skrue, om ho berre hadde fått tak i han.

Cecilie Lie Larsen var ikkje det minste i tvil. Ho hadde lært korleis ein framkallar filmar, og elles litt forskjellig.

Marius Sandvik fann seg godt til rette i stolen og tok det meste med knusande ro. Om han hadde lært noko?

– Ja, ja, ja, skal me sjå, sa unge Sandvik og gjorde det uhyre spanande for oss andre.

Så får me berre sjå då.

Harald Hunsbedt jr. hadde fått med seg meininga med å lage lokalavis.

Og ho Sandra Michelle Østenstad meinte at ho sikkert hadde lært noko, ho og.

Og før dei sette nasen heimover mot skulen igjen helste dei fint i handa.

Dei berre var slik.

Powered by Labrador CMS