19. september 1996:

Førebels har ikkje dei tre månader gamle påfuglane nokon fjørprakt å skryta av. Men når dei er tre år gamle og utvaksne, vil dei sjå ganske annleis ut.

Påfuglar som kjæledyr

Denne saka var på trykk i Vestavind 19. september 1996.

Publisert Sist oppdatert

Mammaen til Roar Stormo på Krossleite er ikkje så glad i kattar. Difor har han fått seg nokre langt sjeldnare husdyr. No spankulerer tre påfuglungar omkring i eit bur i hagen bak huset.

Roar sjølv er ikkje ganske sikker på kor gamle dei er, og kor dei kjem frå. Var det ikkje Fiskeforsyningen, mon tru?

Mamma Anne Liv Stormo kan fortelja at påfuglane er kjøpte i Tysvær. No er dei tre månader gamle, og vil ikkje vera utvaksne før dei er tre år.

– Ettersom dei veks må me nok utvida plassen deira til det meste av hagen vår. Eg håpar berre dei ikkje lagar for mykje styr, seier ho.

Powered by Labrador CMS