10. september 1987:

Sveio sitt pikelag, bak frå venstre: Ole Andreas Brekke (oppmann), Mariann Børsheim, Johanne Bua, Merethe Kvalvågnes, Elisabeth Rød, Alice Enerstvedt, Lillian Karin Birkeland, Helen Ottesen og trenar Helge Salbu. Foran frå venstre: Anita Gjerde, Tone Brekke, Linda Olaisen, Siv Karin Aase, Hilde Eskevik og Hilde Miljeteig. Diverre var ikkje alle dei 21 jentene til stades på treninga då me var der.

Gøy å spela på pikelaget til Sveio!

Denne saka var på trykk i Vestavind 10. september 1987.

Laurdag ettermiddag traff me på pikelaget til Sveio IL i full trening på grusbanen. Jentene har det gøy saman, og trenar Helge Salbu fortel om framgang i laget, som er forholdsvis nytt av året.

Me ligg nok i ein for oss for høg divisjon, og difor er ikkje resultatene frå serien så mykje å skryta av. Men det er ei stor utfordring å trena desse jentene, og me har det gøy, seier Salbu.

Jentene ville ikkje ha så mykje snakk om resultatater, men dei fortalte gjerne at dei hadde hatt det kjekt på turen til Sverige i sommar. Der deltok dei i ei stor turnering, og var borte ei heil veke.

Jentene, som er i alderen 14-16 år, kjem frå bortimot heile kommunen — ei heilt frå Tittelsnes og ei frå Søre Våge. Dei trener to gonger kvar veke i Sveio sentrum, og trivst godt med å spela fotball saman.

Powered by Labrador CMS