20. juni 1996:

Valestrand Idrettslag sitt lilleputtlag. Bak f.v. trenar Sigurd Knappskog, Morten Bjerkeland, Heine Eidsvåg, Øystein Knappskog, Øystein Solheim og Hans Magne Skard. Framme f.v. Jan Einar Kvamsøy Eriksen, Svein Øystein Svaberg Hansen, Stian Solheim, Svein Erik Møllerhaug Schmall og Asle Knappskog. Assistent-trenar Jon Sigve Skard, Ingebrigt Høyland og Morten Ulveraker var ikkje tilstade.

Lilleputtane i nord

Denne saka var på trykk i Vestavind xx.xx.xx

Publisert

Det er ikkje berre i Sveio sentrum at dei kan spele fotball her i kommunen. Også nord i kommunen spring det lettbeinte spelarar som kan det der med å trikse og setje inn taklingar der det er naudsynt. Valestrand Idrettslag har godt over 100 medlemer og lever i beste velgåande.

Så mange aktive rår ikkje klubben over, men dei som er med er ivrige nok. Det er ein gjeng på omlag ti lilleputtspelarar, rundt ti år, og dei vert trena av Sigurd Knappskog.

Vestavind var til stase på den siste treninga før sommarferien. Då stilte spelarane i kledlege drakter, gule trøyer og svarte bukser. Siste treninga før ferien er spesiell, då er det kamp mellom Valestrand sitt lilleputtlag og mødrene. I tillegg vankar det bollar og brus etter enda dyst.

Knappskog, som saman med assistent Jon Sigve Skard trenar laget, har planar om å følgje gutane enno ei stund. Fram til spelarane kjem i 13-14 års alderen representerer dei Valestrand Idrettslag, deretter vert det å spele vidare for Sveio Idrettslag, for dei som ønskjer det.

Dårlege sanitærtilhøve

Og slik tilhøva er i dag er det heller ikkje grunnlag for noko sterke satsing innan Valestrandfotballen. For det første vil banen på Dalshovda bli liggjande omlag midt i tunnelopninga til Trekantsambandet. Dei sanitære tilhøva er heller ikkje noko å juble over. Det er ikkje mogleg å dusje etter kampar og trening, det må gjerast heime. Rett nok står det nokre brakker ved banen, men dei er utan vindauge og står berre til forfall.

Tøff spelar

Ein av spelarane heiter Jan Einar Kvamsøy Eriksen. Han spelar midtbane eller forsvar, alt etter kvar trenaren treng han. Og etter eige utsegn er han ein spelar ein skal passe seg vel for å kome i klammeri med. Han er av det beinharde slaget, som synest det er greitt med taklingar som kjennest. Nokon måljeger er han ikkje, men i motsett ende av banen har han eit og anna å vise til. Blant anna forårsaka han eit straffespark ein gong. Men det blei ikkje mål av det, så det kan han trygt gjere opp att, forstår me han rett.

Unge Kvamsøy Eriksen har også ei lita historie å fortelje frå ein kamp mot Trott på Stord. Der var det ein av spelarane som prøvde å felle han uti ein sorpedam - utan hell. I staden vart det Trottspelaren som blei sitjande att i ein sorpedam.

Lagkameraten Øystein Knappskog er derimot spiss og måljeger. Fire mål i ein og same kampen står det mellom anna på rullebladet hans. I tillegg er det også blitt andre scoringar i ny og ne. Som spelar har han mest å fare med langs bakken, kampen i lufta får andre ta seg av, meiner Knappskog. Og han har heller ikkje lyst til å vere noko verre enn kompisen sin, og fortel villig om halvslepne fellingar.

– Og så er han "ertete" i munnen av og til, skyt Kvamsøy Eriksen inn.

Ambisjonar veit dei ikkje kva er for noko, men dei har lyst å halde fram nokre år, og så får dei sjå etter kvart.

Unge Knappskog har Paolo Maldini frå Italia og franskmannen Eric Cantona som favorittspelarar. Medspelar Kvamsøy Eriksen støttar kameraten i synet på Cantona.

Eigen dommar

Valestrand har også eigen dommar i stallen sin. 13 år gamle Hans Magne Skard dømmar som regel heimekampane til laget. Skard spelar sjølv fotball for Sveio, men han synest også det er svært kjekt å dømme kampar. Nokon målsetjing som dommar har han ikkje, men han har no tenkt å halde fram ei stund.

Skard har også følgt med på EM i fotball, og dommarane der. Han synest dei stort sett har gjort ein god jobb, men at korta av og til sit litt laust.

Trenar Sigurd Knappskog er glad for at dei unge satsar på fotball.

– Det viktigaste er at dei trivest med det dei held på med. Det er kjekt å sjå gleda til dei unge. Men sjølvsagt er det kjekkast å vinne kampane, seier Knappskog.

Og så langt har det gått rimeleg bra med valestrendingane.

Geografisk er det mest praktisk å spele i Hordalandsserien, difor går bortekampane på Stord, heilt nord til Fitjar. Men stort sett slepp dei å ta bilar med seg over fjorden, dei gjer avtalar med motstandarane om henting på ferjeleiet. På det viset sparar ein pengar. Motsett er det når kampane vert spela på Dalshovda, då hentar dei på ferjeleiet i Valevåg.

Bra sesong

Og laget frå Valestrand har gjort det ganske bra så langt. Siste kampen før ferien gjekk borte mot Trott, og då blei det siger med heile 7-1. Dei fire seriekampane dei har spelt har enda med to sigrar og to tap. I tillegg har dei og slått Sveio sine lilleputtar.

Flesteparten av spelarane i Valestrand Idrettslag kjem frå Einstadbøvoll skulekrins, men også Ørevik er representerte på laget. Laget trenar to gonger i veka, viss det ikkje er kamp, då erstatttar denne eine treninga. Om vinteren trenar dei i gymnastikksalen på Einstadbøvoll. I tillegg har også Valestrand Idrettslag vaksentrim.

Powered by Labrador CMS