8. august 1996:

Alt 1. august var desse fire elevane på plass på skulen. Frå venstre Stig Espen Hundsnes, Tom Andreas Rønnevik Melkevik, Ida Muren Olsen og Marte Aase. Eva S. Aase (bak) er ansvarleg for skulefritidsordninga på Sveio skule, her saman med Hilde Økland.

Tjuvstart på skuleåret

Denne saka var på trykk i Vestavind 8. august 1996.

Publisert
Frå arkivet 1996.

Alt førre torsdag var dei første ungane tilbake på Sveio skule etter sommarferien. Rett nok har skulebøker og lekser framleis ferie, saman med størsteparten av skulelevane, men heilt sommar-stilt er det likevel ikkje på skulen. Skulefritidsordninga er nemleg i sving att, på andre året.

Det starta forsiktig fyrste dagen med berre fire ungar, men framover mot skulestart i midten av månaden aukar det på. 25 ungar i alderen 6 - 9 år er påmelde denne hausten.

Skulefritidsordninga er meint som eit tilbod til ungar med utearbeidande foreldre, eller for ungar som ikkje har leikelag i nærmiljøet.

Førebels er det berre skulane på Ørevik og Sveio som har fulltidstilbod i kommunal regi, medan Vandaskog og Førde skular har eigne opplegg med færre timar. Men frå hausten 1997 vert både 6 års-tilbod og skulefritidsordning obligatorisk over heile landet.

Powered by Labrador CMS