Herrelaget til Sveio I.L. gjorde ein flott prestasjon i Holmenkollstafetten sist helg. Med den flotte tida 51.03 greide dei opprykk til pulje 1, som er klassen under eliteklassen! Me veit det kan ta noko tid å koma seg over i eliteklassen, men idrettslaget har no nådd ein av dei viktigaste målsettingane for dette året. Det kan og nemnast at det siste laget i eliteklassen berre kom i mål halvminuttet foran sveibuane!
Resultatet til seniorane var høgst uventa - ingen av oss hadde tru på ei så god tid. 51.03 resulterte i 29. plass av ialt 124 lag i klassen.
Veteranane frå Sveio I.L. var nøgde med innsatsen sin, og med sluttida 58.41. Så heilt bra gjekk det ikkje med damelaget, som faktisk kom i mål til dårlegare tid enn i fjor - i årets kortare løype. Plasseringa i fjor var så god at laget rykka opp ei pulje til årets stafett. Ein kan spørja seg om ein skal ta Holmenkollstafetten meir på alvor, og satsa på at laget skal vera betre rusta neste år. Trenar for damelaget, Åsta Hansen, meiner det må vera fint for joggeinteresserte jenter i alle aldrar å trena med damelaget til Sveio I.L. Så er det opp til den enkelte kor mykje dei vil satsa vidare.
Vårens vakraste eventyr
Annonse
Holmenkollstafetten vert kalla «vårens vakraste eventyr». Massemedia fortel om dette i tekst og bileter, men det kan ikkje samanliknast med det å vera med sjølv. Og då helst som ein av dei aktive.
Tusenvis av mennesker rundt deg, spenninga anten du legg ut på fyrste etappe eller vekslar ein stad i menneskemengda, reisa att og fram og alt som ellers følgjer med. Godt humør og mykje løye undervegs til og frå hovudstaden, framifrå service på Seljord Kro der me et middag (der dei held ope lenge for alle «Holmenkollfararane»!) På heimveg gløymer ein støy og uro som følgjer med det å bu så sentralt som på Majorstua hotell. Stemninga på Bislett, det utruleg flotte vêret og ny inspirasjon til å trena jamt og trutt mot neste års stafett er det som sit att.
Grete Waitz-løpet
Omlag 8.500 kvinner deltok i Grete Waitz-løpet. Det var imponerande å sjå så mange varma opp etter musikk og instruksjon! «Så mye fin ynde i Frognerparken denne Holmenkolldagen», stod det å lesa i ein morosam artikkel i Haugesunds Avis, og vidare om «de forbløffende brune gratiene som duvet bortover gressplenen». Dei fleste av oss sveibuane var korkje yndige eller brune, men me hadde det viktigaste av alt: Godt humør, vilje og krefter nok til å gjennomføra dei 4,6 kilometrane under ei steikande sol.
Annonse
Damelaget bestod av: Agnes Vierdal, Irene Berge, Signe Halleraker, Helen Inkster, Randi Elise Rossehaug, Anne Hilde Halleraker, Bjørg Laila Eskevik, Åsta Hansen, Grete Halleraker, Vigdis Glette, Karin Ekerne, Vigdis Bjelland, Astrid Nesse, Anne Britt Bagne og Elisabeth Jacobsen.
Herrer veteran: Ottar Flaten, Henning Vestvik, Paul Mølstre, Jan Ekerne, Øyvind Fiskaaen, Olav Rossehaug, Oddmund Svartveit, Hallvard Lid, Kjell G. Nymark, Einar Wierdal, Leif Sætre, Oskar A. Bjelland, Magnar Berge, Lars Vierdal og Øystein Eskevik.
Herrelaget: Asle Halleraker, Reinert Emmerhoff, Arild Kalkvik, Ole Johannes Emmerhoff, Bjørn Gerry Viksund, Erling Askeland, Nils Rullestad, Svein Magnus Tveit, Jan Ellingsen, Bjørn Eikeland, Geir Helge Vandaskog, Mikal Liknes, Kjell Gunnar Nymark, Karl Lier og Sverre Halleraker (+ reserve Wilhelm Viksøy).