10. september 1987:

Akkurat kor gamal kassen i butikken i Ørevik er, veit ikkje Marie Håvardsholm, som styrer denne Sveios siste landhandel. Men biletet fortel oss at han er svært gamal - særleg når ein ser ein moderne reknemaskin på sida av.

Sveios siste landhandel

Denne saka var på trykk i Vestavind 10. september 1987.

Tre gonger i veka opner Marie Håvardsholm døra i den minste kolonialforretningen i Sveio. Butikken ligg i Ørevik, og framleis driv Marie Håvardsholm butikk på landhandel-viset. Her kan kunden koma med ein lapp og stilla seg ved disken medan Marie Håvardsholm finn fram varene dei ønskjer. Så slås prisane saman ved hjelp av sunt bondevett i form av hovudrekning, før dei kontrollerest på kalkulator og vert slått inn i det gamle kassa-apparatet. Kassen veit ikkje fru Håvardsholm årsmodellen på, men at han er gamal er heilt sikkert. Me har iallefall aldri sett noko liknande!

I Ørevik krins vonar ein å få behalda den ordninga ein har hatt dei siste åra etter at Ola Lindås gav seg med butikk. Då overtok Valevåg, og opningstida vart tre gonger i veka.

— Her bur mange eldre, og det vert langt for dei å fara til Valevåg for å handla, så me vonar at me kan fortsetja med denne ordninga, seier Marie Håvardsholm.

Powered by Labrador CMS