meiningar
Sveio-ungdommen treng handling mot rus og utanforskap!
FHI sin oppvekstprofil for Sveio viser urovekkjande tal. Berre tre av tretti indikatorer er grøne. Rapporten peikar særskilt på utfordringar rundt ungdom og alkohol, samstundes som fleire unge mistrivst på skulen.
Som sosialarbeidar i over 30 år har eg jobba med menneske i krevjande livssituasjonar, både på det førebyggjande planet og med brannsløkking. Det smerter meg djupt å sjå denne negative utviklinga i vår eigen kommune. Men erfaringa mi tilseier også noko anna viktig: Dette er utfordringar vi kan retta opp i, dersom vi berre prioriterer det. Det er kun et spørsmål om vilje og kompetanse.
Kva kan vi gjera med dette?
Først og fremst må vi starta med å gjera ei grundig kartlegging for å avdekka desse problemstillingane nærare. Vi må lytta til ungdommen sjølv, foreldra og fagfolka for å forstå dei bakenforliggjande årsakene til tala i rapporten, slik at tiltaka vi set inn treff blink.
Vi må innsjå at dette ikkje kan løysast i siloar. Samarbeidet mellom barnehage, skule, fritidstilbod og barnevernet må vera tett og saumlaust kvar einaste dag. Alle aktuelle avdelingar i kommunen, må ha denne utfordringa heilt øvst på agendaen. I dette arbeidet må politiet prioritera å vera synlege og til stades i nærmiljøet og der ungdommen oppheld seg, for å byggja trygge relasjonar før tinh sklir ut. Å ansette sosialarbeidarar i skulen er eit nødvendig tiltak.
Samstundes må barnevernet styrkjast, slik at dei han ressursar nok til å koma tidleg inn med førebyggjande hjelpetiltak i familiane, i staden for å driva rein brannsløkking. I den samanheng må vi også vurdera om det er behov for kompetanseheving i barneverntenesta, slik at dei ansatte har dei rette verktøya til å driva målretta, førebyggjande tiltak mot akkurat desse utfordringane.
Foreldra må på bana i langt større grad, og vaksne generelt må tora å bry seg. Som føresette må vi engasjera oss meir i kvardagen til ungdommane våre og følgja dei tettare opp. Vi må følgja med på og sjekka kva dei driv med, både på nettet og i det verkelege livet. Det handlar om å tora å ta dei ubehagelege samtalane om alkohol, festing og grenser, og melda frå til foreldre eller rette instansar om du ser ting som ikkje er bra. Vi må samarbeida tettare på tvers av heimane for å skapa felles kjørereglar.
Samstundes treng dei unge fleire attraktive, rusfrie treffpunkt. UngSveio gjer ein kjempejobb, men tilbodet må utvidast. Idrett og relegiøse tilbud passer ikkje for alle. Vi treng opne arenaer og gjerne synlege voksne som natteramnar i lokalmiljøet i helgene.
Å spara på førebyggjande arbeid er å spara seg til fant. Ein einaste plass på barnevernsinstitusjon for ein ungdom kostar rundt 2,4 millioner kroner i året. Går det enno verre, kostar ein vanleg fengselsplass samfunnet langt over 1,2 millioner kroner årleg. Det er enorme økonomiske og menneskelege kostnader å spara på å setja inn støtet tidleg. Førebygging er den beste investeringa kommunen kan gjera.
Politikarane i Sveio må prioritera dei unge i budsjetta. Å investera i førebygging no, sparar oss for store kostnader og ødelagte liv seinare. Ungdommen vår fortener ein trygg oppvekst.
Rune Knudsen
Auklandshamn