Veke 46 oppsummert frå Vestavind
Denne veka starta mellom anna ankesaka mellom Sveio kommune og Ekrene 34 AS. Me var òg med då Statens vegvesen kontrollerte elsparkesyklar utanfor Sveio skule, og me var på den nye marknaden på Vikse skule.
Denne veka starta ankebehandlinga i tomtestridane mellom Sveio kommune og selskapet Ekrene 34 AS i Gulating lagmannsrett. Striden handlar om grunnforholda på den eine delen av tomta som vart seld til selskapet.
Politiet og Statens vegvesen stilte mannsterkt opp då dei gjennomførte kontroll av elsparkesyklar utanfor Sveio skule. Resultatet var nedslåande.
Mange tok turen til gymsalen på Vikse skule under årets haustmarknad. Marknaden vart arrangert for første gong i år.