Veke 47 oppsummert frå Vestavind

Denne veka fekk me mellom anna høyra at dei tilsette ved Sveio skule ikkje får influensavaksine frå kommunen. Me fekk også høyra at spegelglatte vegar førte til ulukker og utforkøyringar. Me møtte fleire unge skodespelarar som denne veka er klare for scena i Festiviteten.

Publisert

Tilsette ved skulane i Sveio får ikkje lenger tilbod om influensavaksine gjennom kommunen. Arne Tveit Katla i Utdanningsforbundet fryktar fleire sjuke og meir fråvær. Han meiner avgjerda er håplaus.

Regn, kulde og salt som rann vekk, skapte svært glatte vegar i Sveio denne veka. Ein trailer sklei av vegen på Gullvegen i Vågedalen.  Kort tid etter køyrde ei kvinne i 20-åra av vegen ved Vågedalselva. Bilen hamna på taket og i elva. Kvinna måtte bergast ut av redningsmannskap frå Sveio brannvesen.

Etter månader med førebuingar står skodespelarar frå Haugesund barne- og ungdomsteater klare med framsyninga «Kristiania magiske tivolitheater».  Teateret samlar unge skodespelarar og frivillige frå heile distriktet, mellom anna fleire frå Sveio. Sveibuen Line Remøy har regien på årets stykke.

Powered by Labrador CMS