20. juni 1996:

Anja Ueland, Elisabeth Hovda, Solveig Lokna og Vibeke Kinn hadde det tørt og varmt under teltduken - våtare blei det når dei stakk hovudet ut. Den siste dagen med skule ute i skogen regna det trollkjerringar, men jentene var like blide. – Me har lert´så masse, lo dei.

Ei veke med skule i skogen

Denne saka var på trykk i Vestavind 20. juni 1996

Publisert

– Du har et dyr i håret.

– Neeei. Ta det vekk då!

– Vettu’, det e’ så møkje paddar og froskar her i denna skogen altså.

Det er elevar ved Bua skule som snakkar. Den siste veka har dei ikkje vore inne på skulen i det heile teke. Engelsk og norskbøkene la dei igjen i klasseromma, og så flytta dei heile skulestova ut i skogen.

Prosjektveka på våren er blitt tradisjon ved Bua skule. Dei har studert livet i ulike biotopar, i år var turen komen til skogen. Elevane har vore delt inn i grupper og hatt ulike forskingsoppgåver. Nokre har studert forholdet tre-fugl, andre blomster-insektar og atter andre blomster-nedbryting. Dei har laga skulpturar av ting dei har funne i skogen, laga bruksgjenstandar og instrument.

Eventyrskog

Bua skule fann seg ein riktig eventyrskog til prosjektveka si. Ein idyllisk skog, med slanke, ranke bjørker og ein klukkande bekk som slyngja seg nedover lia. På denne siste skuledagen i skogen plaskar regnet ned. Bekken er blitt stor og uhamsleg, han et seg breiare veg og lagar også stien om til ein bekk. Vel 5 minutters gange ned- og innover skogen høyrer vi lyden av jenter som ler. Latteren kjem frå eit grønt fjelltelt under nokre store tre.

Eit bustete hovud lurer ut gjennom glidelåsopninga.

– Hei! Det er ikkje vått her inne.

Men Vibeke er blitt våt på beina.

– Detta her har vore den kulaste dagen, syns nå eg, seier ho som er våtast av alle. Ho er klissblaut, har fått vatn oppi støvlane og håret heng i våte tjafser under hetta på regnjakka. Men ho smiler.

Risengrynsgraut

Lenger nede i bakken, der den frodige bekken har laga ei lita halvøy, finn vi den andre gruppa og læraren Helge. Bekken tatt seg veg rett gjennom grua dei har kokt havresuppe, mjølkesuppe og kakao på dei siste dagane.

– Trur eg kunne hatt skule ute heile året, seier Helge.

I dag er det berre åtte elevar ute i skogen. Dei andre er inne på skulen og gjer ferdig skrivearbeidet. Til avslutningsfesten skal nemleg elevane presentere arbeida sine i ei utstilling, fortel han.

Inne på skulen er det full aktivitet. I gangen jobbar gruppa som har hatt næringskjedene som tema den siste veka, i eit anna rom har elevane samla seg rundt langbordet og klare til å ete lunch. I dag har ingen med seg tørre brunostskjever - i dag har Astrid Hovda kokt risengrynsgraut!

Prosjektveka er over, og snart er det sommarferie.


Powered by Labrador CMS